– Dei unge blir eksponerte for altfor mykje reklame. Mange av dei får også reklame for ting dei eigentleg burde vore verna frå, seier Mari Velsand i Medietilsynet til NRK.
Vekt og musklar
Blant den yngste aldersgruppa i undersøkinga, 9 – 12 åringane, svarte 20 prosent at dei har fått reklame for vektnedgangsprodukt på nettet det siste året.
25 prosent i denne aldersgruppa har fått reklame for produkt som skal gi større musklar. I tillegg har 13 prosent av 9–12-åringane fått reklame for alkohol, ifølgje tala undersøkinga til Medietilsynet.