Gruppa TAN sender den første k-popsongen ut i verdsrommet

Songen «Walking on the Moon» blir med på ei reise utan endestasjon.

På julaftan skal eit amerikansk firma sende ein romrakett med namnet Vulcan ut i verdsrommet. Med om bord er ein tidskapsel med k-popgruppa TAN sin song frå 2022, «Walking on the Moon». Det blir den første k-popsongen som blir sendt ut i verdsrommet, skriv Forbes.

Gravferd i verdsrommet

Det amerikanske firmaet Celestis tilbyr å sende DNA ut i verdsrommet, som ei slags gravferd i verdsrommet. Det har dei gjort sidan 1997. I tillegg til k-popsongen, har raketten med seg kapslar med oske frå over 200 menneske som har blitt kremerte. Ein av desse er skaparen av tv-serien Star Trek, Gene Roddenberry, skriv firmaet i ei pressemelding.

Dei sju medlemmane i TAN, som er ei forkorting for «To All Nations», seier at det er ei stor ære at songen deira får bli med romraketten. – Det er morosamt å tenke på at kanskje romvesen vil høyre songen vår fleire år seinare, sa medlemmen Jiseong, ifølge Forbes.