Sauen Shaun har vore astronaut

Barne-tv-figuren er den første europeiske astronauten som har dratt til månen og tilbake.

Visste du at Sauen Shaun har vore i verdsrommet? Barne-tv-figuren var med på NASA sitt Artemis 1-oppdrag til månen frå november til desember 2022.

Sauen Shaun er den første europeiske astronauten som har dratt til månen og tilbake. Han var med på den første reisa til NASA-programmet Artemis, som har som mål å få menneske på månen. Foto: ESA/Aardman

Der representerte han Den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA). Romfartøyet Orion hadde ikkje menneske om bord, men sauen Shaun fekk plass.

Shaun flaug forbi månen to gonger, og passerte så nære som 130 kilometer frå overflata, opplyser ESA.

Ved hjelp av månen si tyngdekraft, dreiv romfartøyet 430 000 km frå jorda. Det er lenger enn noko menneske, eller sau, har reist.