Saudi-Arabia einaste søkjar til fotball-VM – det likar ikkje fotballpresidenten

Fotballpresident Lise Klaveness meiner det ikkje har vore reell konkurranse.

Denne saka var først publisert hos Framtida.no, søsteravisa til Framtida Junior. 

Førre veke vart det kjent at Australia droppar å søkje om å få arrangere fotball-VM for herrar i 2034. Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) stadfestar at Saudi-Arabia dimed står att som einaste søkjar.

Noregs fotballpresident Lise Klaveness likar ikkje at golfstaten er einaste kandidat. Ho meiner det gjer det vanskelegare å krevje at dei må følgje grunnleggjande menneskerettar.

– Det ser ikkje ut til å ha vore ein reell konkurranse om å arrangere VM i 2030 og 2034, og det verkar som Fifa-presidenten har vore svært aktiv i å sørgje for at dette blei resultatet, seier ho til NTB.

Meisterskapet i 2030 skal bli spelt i Uruguay, Argentina og Paraguay, og så vidare i Spania, Portugal og Marokko.

I 2022 vart fotball-VM arrangert i Qatar. Då blei vertsnasjonen kritisert for brot på menneskerettane og sportsvasking og Fifa skulda for korrupsjon i tildelingsprosessen. 

Fifa har opplyst at søknaden frå Saudi-Arabia skal bli grundig evaluert opp mot gitte kriterium.

● Les også: I klårtekst: Difor er Qatar-VM «skamma sitt verdsmeisterskap»