Ho-frosken kan spela død for å unngå paring

Paring kan vera farleg for ho-frosken. Hann-froskar kan nemleg vera ganske hardhendte. Då har ho eit triks i bakhånd.

Nokre gonger kan fleire hann-froskar kasta seg oppå hoa og prøva å para seg med henne. Då kan ho bli skadd og kan i verste fall drukna. Men ifølgje ein ny studie kan hoa både spela død, vri seg unna eller etterlikna lydane til hannen for å unngå paring, skriv Ung.Forskning.no.

Vart overraska

Dei tyske forskarane Carolin Dittrich og Mark-Oliver Rödel filma åtferda til ho- og hann-froskar som dei plasserte i glasboksar med vatn. Då Dittrich såg at ein av ho-froskane spelte død for å unngå ein hann, vart ho overraska. Å spela død er nemleg som regel ein taktikk for å verna seg mot rovdyr.

Ifølgje forskarane er det for tidleg å slå fast at ho-froskar speler død, vrir seg unna eller lèt som om dei er ein hann-frosk ute i naturen. Desse eksperimenta skjedde trass alt i eit laboratorium.

Det var det vitskaplege tidsskriftet Science som fyrst omtala saka.