Rekordmange barn kryssar landegrensene i Latin-Amerika og Karibia

1 av 4 menneske som kryssar grensene i området, er barn.

Det har aldri før vore så mange barn i Latin-Amerika og Karibia som flyttar frå eit land til eit anna, skriv Unicef.

– Gjengvald, ustabilitet, fattigdom og hendingar knytte til klima påverkar området og tvinger fleire barn frå heimane deira, seier Garry Conill. Han er sjef for Unicef i Latin-Amerika og Karibia.

Kryssar jungelen

Ei av rutene mange barn går, er gjennom jungelen som ligg mellom Colombia og Panama. I dei første åtte månadane i år har meir enn 60 000 barn kryssa denne jungelen. Halvparten av dei er under 5 år. Det har aldri før vore så mange barn som har kryssa denne grensa.

– Favorittdelen min av reisa var å forlate jungelen, fordi det var eit mareritt å gå der, seier ei 8 år gamal jente til Unicef. Ho og familien gjekk gjennom jungelen i fjor.

Unicef jobbar for å gjere grensekryssingane så trygge som mogleg.