Sjeldan likblom som luktar spy, blømer i San Fransisco

Blomen med namn Scarlet blømde sist i 2019.

Ifølge The Guardian har hundrevis av besøkande tatt turen til Golden Gate park i San Fransisco dei siste dagane. Målet deira er å sjå, og å lukte, likblomen Scarlet.

Likblomen veks vilt i regnskogen i Indonesia. Ifølge the International Union for the Conservation of Nature, er blomen truga. Han kan bli opptil 3 meter, og det kan ta fleire år mellom kvar gong han blømer.

The Guardian samanliknar lukta av blomen med spy, eit illeluktande kjøleskap, eller, som namnet seier, eit rotnande lik.

Dei som ikkje har moglegheit til å reise til San Fransisco, kan sjå bløminga via eit direktekamera.