Laurdag 10. juni var det taler, musikk, gratis drikke og gigantiske vaflar steikt på kumlokk i parken på Otta. Der feira dei Pride Gudbrandsdal.
Eit populært innslag blant barna var dragframsyninga frå DragCore, ei Oslo-gruppe som har teke turen for å opptre.
Fekk prøve seg som dragartist

Mellom sminke, glitter, høge hælar og miming, fekk to av dei ivrige tilskodarane som sto fremst ved scenen kome opp og sjølv vere med på ei framføring.
– Det var veldig artig og morosamt, seier Madeleine (11).
Saman med venninna Tiril (10) fekk dei låne parykk og kjole, og dei lipsynca til Britney Spears.
Tiril likte også å opptre, trass i at det var mange folk som såg på.
– Det var ganske artig fordi eg følte at eg nesten kunne vere i ein annan kropp. Dersom eg berre skulle vore vanleg hadde eg synest det var mykje flauare. Men så hadde eg på meg anna type hår og slik drag-kjole.
– Kan vise kven ein er

Dei synest begge pride er viktig å markere. Tiril har ein onkel som er homofil og Madeleine har eit søsken som er trans.
– Vi feirar at ein kan vere den ein er, seier Madeleine.
Tiril er einig.
– Pride er når folk kan vise kven ein er og vise at ein er trygg enten ein er homofil eller lesbisk, eller eigentleg alle typar.
