Hundar som et menneskemat har det betre

Forskarar har funne ut at å gje hundar ein smakebit av middagen kan gje dei betre helse når dei blir eldre.

Ei gruppe finske forskarar har undersøkt kva effekt menneskemat har på magane til menneskets beste ven.

Dei spurde sju tusen hundeeigarar om hundane sine matvanar og helsa. I undersøkinga fann dei ut at hundar som får ete rå mat og matrestar har mindre problem i magen når dei blir eldre, skriv Smithsonian Magazine.

– Det me ser er at eit variert kosthald er nøkkelen til god helse for hundar, akkurat som for menneske, fortel Anna Hjelm-Björkman. Ho er ein av dyrelegane som var med på prosjektet.

Ikkje nok med tørrfôr

I studia fann dei ut at ein hund som berre et hundematen ein får kjøpt på butikken ofte ikkje får i seg all næringa dei treng.

Det er altså ikkje så gale å snika ein matbit til hunden medan ein sit rundt middagsbordet.

Ein må likevel passa på å ikkje gje dei noko dei ikkje toler. Godteri, lauk, krydder og druer er blant tinga hundar aldri må få i seg.

Det er greitt å gje hunden ein smakebit frå middagen, men pass på kva som er i maten. Foto: Omerlavon / Pixabay