Manchester City tar mensgrep – droppar kvite shortsar

Fleire fotballag går vekk frå kvite shortsar på grunn av mensen.

Kvinnelaget til Manchester City skal ikkje lenger spele i den karakteristiske uniforma med kvite shortsar til lyseblå trøye.

Det kunngjer klubben og draktprodusenten Puma. Årsaka er tilbakemeldingar frå spelarane om at dei ikkje er komfortable med kvite shortsar når dei har mensen, ifølgje ei utsegn sitert av Insider.

Byter ut med burgunder shortsar

Kvite shortsar kan bli gjennomsiktige når dei blir våte, og spelarar har sagt at dei er redde for at det skal syne blod igjennom dei.

Laget frå Manchester har allereie byrja å nytte dei burgunder borteshortsane til heimedrakta, og vil bruke dei ut sesongen. Planen er å finne nye fargar for 2023-2024-sesongen, skriv Sky Sports.

Norske Julie Blakstad speler på Manchester City. Ho er nøgd med endringa.

– Viss ein blør gjennom blir det tydeleg, og når kampane blir sendt på TV, kan det til dømes sjåast på skjermen, seier Blakstad til TV 2.

Fleire lag

City følgjer i fotspora til lag som West Brom, Stoke og skotske Livingstone. Laget frå Manchester er likevel det første laget i den engelske toppdivisjonen for kvinner, Women’s Super League, som tar steget vekk frå kvite shortsar.

Ballen har òg byrja å rulle i Noreg. Lillesand Idrettslag sette temaet på dagsordenen allereie i 2020, då spelarane ønska å droppe kvite shortsar, men først fekk nei frå det mannsdominerte styret. Seinare snudde idrettslaget.

Emilie Lein på Rosenborg har engasjert seg i tematikken, og fortel til NRK at uroa for å blø igjennom gjer at tankane hennar er ein heilt annan stad enn dei skal vere på bana.

Dersom ein ikkje har fullt fokus medfører det større skaderisiko.