Kan måtte endre pommes frites på grunn av tørke

Færre og mindre poteter kan føre til kortare pommes frites.

Har du nokon gong tenkt over at det finst reglar for korleis ein pommes frites skal vere?

I Frankrike og Belgia, pommes frites si vogge, er det normalt eit krav om at dei populære potetstengene skal vere mellom 8 og 10 centimeter lange.

Dette kravet kan no bli endra, skriv NRK.

Tørkesommar

Årets sommar er den varmaste sommaren som er registrert i Europa, skriv Copernicus. Landbruksnasjonen Frankrike er inne i si fjerde hetebølgje for året.

Avlingane er difor dårlegare enn normalt. Det blir både færre poteter, og dei som kjem, er mindre enn vanleg.

Ikkje berre fører det til auka matprisar – pommes fritesar kan òg bli kortare og tynnare.

Vil truleg ikkje merke det i Noreg

Sjefen for Burger King i Noreg, Olav Bæverfjord, fortel til DinSide at dei nyttar norske poteter, og difor ikkje blir påverka i særleg grad.

– I Burger King har vi ikkje planar om å endre utsjånad eller storleik på våre pommes frites, seier han.