Artemis 1 skal på historisk måneferd – og gjera klart for nytt eventyr på Månen

Den kraftigaste raketten til NASA nokon gong skal ta med seg ein kapsel som skal fly rundt Månen og tilbake til Jorda.

Utskytinga skulle eigentleg skje måndag 29. august klokka 14.33, men er no utsett til fredag 2. september.

Raketten med namn SLS – Space Launch System – har som mål å testa ut korleis det vil gå senda menneske fram og tilbake til Månen. Det er den første av fleire turar ut i rommet for å ta menneske til Månen og seinare endå lenger ut i rommet.

– Alt me gjer på Artemis 1-turen gjer me for å sjå kva me kan gjera for redusera risikoen når me skal ha mannskap om bord på Artemis 2-ferda seinare, forklarte NASA-astronaut Randy Bresnik, ifølgje BBC.

Det er viktig for NASA å testa Orionkapselen i rommet og forsikra seg om at den er i stand til å gjennomføra ein trygg retur tilbake til Jorda og landa i havet utanfor kysten av Baja i California i midten av oktober.

Ferda vil danna grunnlaget for den første bemanna ferda med Artemis 2 i mai 2024.

Her kan du sjå korleis turen til Artemis blir. Den grøne streken er starten på turen til Månen. Den blå streken viser banen på veg tilbake til Jorda. Foto: NASA

Sjå direktevideo frå oppskytinga: