Fire nye klimarekordar på kloden i 2021

Ein ny rapport frå Verdas meteorologiorganisasjon, viser at dei siste sju åra har vore dei varmaste sju åra nokon gong.

Ifølgje rapporten vart det sett fire negative klimarekordar i 2021, skriv NRK.

Dette er rekordane: 

  • Havet var rekordvarmt.
  • Havet stig raskare enn nokon gong.
  • Hetebølgjer og brannar gjorde at det òg gjekk hardt ut over isbreane i Canada og nordvest i USA.
  • Ekstraordinære hetebølgjer slo rekordar over det vestlege Nord-Amerika og Middelhavet.

Dette er nok eit klart signal om at menneskeleg aktivitet fører til verdsomspennande endringar på land, i havet og i atmosfæren med skadelege og langvarige konsekvensar for berekraftig utvikling og økosystem,» heiter det i rapporten.

GIF: Giphy.com