Skreiv om Thomas Alva Edison – ein stor oppfinnar

Nikoline Storhaug Hole von Rappe frå Lesja Skule kom på 3. plass i skrivekonkurransen til Framtida Junior og Foreningen Les!

Skrivekonkurranse om oppfinningar

Kring 200 elevar deltok i skrivekonkurransen til Tid for ti-aksjonen, Foreningen Les! og Framtida Junior. Det kom veldig mange fine bidrag, med både tekstar om heilt nye fantastiske oppfinningar – og kjente oppfinnarar gjennom historia.

LES FAKTALUKK FAKTA

Edison var sett på som ein av dei dyktigaste oppfinnarane i historia sidan han hadde 1093 amerikanske patent og mange andre i Storbritannia, Frankrike og Tyskland.

Thomas Edison kom til verden den 11. februar 1847 i Ohio USA. Sjølv om han var amerikanar hadde han slekt frå Nederland. Oppfinningane hans har påverka verda veldig. Hans fyrste oppfinning var ein reléstasjon.

Oppfinninga som gjorde at Thomas blei betre kjent var fonografen, som han fann opp i 1877. Ein fonograf er eit apparat som du kan bruke til å ta opp og registrerer og lagrar lyd.

Fann opp lyspære og filmen

Oppfinninga som Thomas er kjent for er lyspæra. Lyspæra vart funne opp i 1879. Folk kalla dei for glødelampar. Glødelampa vart vist fram i Europa i 1881 og lagde enorm oppsikt.

Ei oppfinning som er veldig viktig i dag, som Thomas fann opp, var den perforerte 35mm-filmen som er til framvising av levande bilete. Den blei introdusert i 1889. Filmen blir kutta i striper som er 35mm breie, derfor namnet.

Rundt 1880-talet var Thomas ein travel fyr. Han hadde eit godt, travelt og berømt liv. Han gjekk bort den 18. oktober 1931 New Jersey, USA.