Mange barn likar ikkje tanken på at dyr blir mat

Barn og vaksne tenker ikkje likt om dyr som blir til mat. Det viser ein ny studie gjort av engelske forskarar.

Kva tenker folk om verdien på eit dyr samanlikna med verdien på eit menneske? Det ville forskarane finna ut, skriv Ung.Forskning.no.

Det var 479 personar som deltok i studien. Både barn mellom 9 og 11 år, unge vaksne mellom 18 og 21 og vaksne mellom 29 og 59 år.

Forskarane spurde deltakarane korleis dei trur ulike dyr blir behandla og om korleis dyr bør ha det. Barn meinte sjeldnare enn dei vaksne at dyra som blir etne, er mindre verd enn menneske.

Dei vaksne bryr seg også

Det var ikkje slik at omtanken for dyr var borte hos vaksne. Deltakarar i alle aldersgrupper svarte at dei ikkje likte tanken på at dyr blir skadd eller lir.

Mange av dei vaksne som var med på studien synst òg det var betre å eta ost og drikka mjølk enn å eta kjøtt.

GIF: Giphy.com