Regnbogeflagget veivar framføre Eidsvollbygningen

Torsdag morgon vart eit regnbogeflagg heisa i hovudstanga framføre Eidsvollbygningen for aller første gong.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen heisa flagget.

Det gjorde ho for å markera 50-årsdagen for at forbodet mot homoseksuelle handlingar mellom menn vart oppheva. Homofili var nemleg ei kriminell handling fram til loven blei fjerna 21. april 1972.

Ein historisk dag

– Det er historisk og fantastisk flott å få vera her og heisa regnbogeflagget akkurat i dag, seier Trettebergstuen til NRK.

Ho er sjølv lesbisk, noko som gjorde opplevinga ekstra sterk.

– Det som for mange blir sett på som privat, er for meg veldig politisk. Det å få vera den ein er og elska den ein vil, har vore ein politisk kamp så lenge, sa ho.

Statsministeren sa unnskyld

Onsdag denne veka sa Jonas Gahr Støre unnskyld til alle homofile på vegner av regjeringa.

– Eg beklagar at Noreg gav uttrykk for at ein ikkje aksepterte skeiv kjærleik. Kjærleiken til menneske, seier han i eit offisielt fråsegn.