Det norske juletreet i London får gjennomgå i sosiale medium

Engelskmennene er ikkje fornøgd med årets juletre frå Noreg. No mobbar dei treet på Twitter.

Kvart år sidan 1947 har Oslo by sendt eit juletre i gåve til London, som takk for hjelpa Noreg fekk under andre verdskrigen. Og kvart år får treet plass på Trafalgar Square, etter at det har tatt seg ein tur med båt over Nordsjøen, skriv VG.

– Juletreet er eit symbol på at me treng kvarandre og må vera der for kvarandre. Gåva til London sine innbyggarar er valgt ut og gitt med mykje kjærleik og mykje omtanke. Eg håpar treet blir tatt imot som eit symbol på vennskap, solidaritet, håp og fred, sa Oslo-ordførar Marianne Borgen (SV) i ei pressemelding i november.

Sjølv om det store treet i Østmarka vart valgt og ut gitt med kjærleik og omtanke, er det ikkje alle britane som er nøgd. No er det fleire som mobbar treet i sosiale medium.

Her er nokre av tilbakemeldingane om juletreet

«London sitt juletre er det mest shabby og sørgjelege gåva eg har sett nokon gong», skriv politikar David Kurten.

«Kvart år sidan 1947 har folket i Noreg gitt London eit juletre. Denne gåva er eit bevis på takksemda for hjelpa til Storbritannia under den andre verdskrigen. Det ser ut som om takksemda deira er tynnslitt», skriv ein annan brukar.