Må me stoppa med pakkekalender?

Dei fleste av oss synest pakkekalender er kjekt. Å ha noko å gleda seg til kvar dag i advent, men er det noko som er lurt å fortsetja med?

Det er mange barn som får pakkekalender kvart år. Er dette bra eller er det berre til bruk og kast? Me har snakka med Matheus, Elenor og Oline frå Leirvik skule, for å høyra kva dei tenker om pakkekalenderar.

– Det er veldig kjekt, seier Elenor Løklingholm. Dei andre er einige.

Eit bruk-kast-konsept

Elevane kan forstå at nokon tenker at pakkekalenderane er unødvendige.

– Det er jo forskjellig frå person til person, men nokon kastar jo tinga utan å bruka dei mykje, seier Matheus Delis.

Dei seier me heller burde få nyttige ting i pakkekalenderen, som ikkje blir kasta med ein gong.

– Eller så kan me få godteri, det likar jo alle, seier Oline.

Grøne idear

Pakkekalederar som går rett i boset er ikkje særleg bra for miljøet.

– Tinga me får i pakkekalenderen blir fort øydelagde, og då kastar me mykje meir, fortel Elenor.

– Det blir jo mykje boss med innpakkingspapiret, seier Oline.

– Då kan foreldra gøyma gåvene i eit rom, og finna dei fram når ungane skal få dei, forklarar Matheus.

– Også må me jo ikkje ha pakkekalender. Me får jo mange pakkar på julaftan, fortel Matheus.

Pakkekalender er kanskje ikkje den mest miljøvennlege vanen me har i Noreg. Miljøvennlege alternativ for pakkekalender kan vera eit steg nærmare ein grøn framtid, som både eg og du kan greia.

Grøne tips til adventskalender

  • Gi opplevingar – som kino, symjehall, fisketur, teater, bowling
  • Gjer noko kjekt saman – som å baka, spela spel eller gå tur
  • Skriv ut bilde frå året som har gått
  • Lag god mat saman