Eriksen er tilbake i trening

Under sommarens fotball-EM fekk den danske fotballstjerna Christian Eriksen (29), hjartestans på bana. Heldigvis gjekk det bra.

No er han i gong med trening att. Den går for seg på fotballbanane til den danske Superliga-klubben Odense.

– Me er veldig glad for at Christian Eriksen i desse dagar held formen ved like på våre banar, seier sportsjefen i klubben, Michael Hemmingsen, til danske B.T.

Vil halda fram med fotballen

Dansken har ifølgje italienske medium valgt å halda fram med fotballkarrieren, men derimot er det ikkje sikkert kvar han endar opp.

I etterkant av hjartestansen, har Eriksen fått opperert inn ein hjartestartar. Den gjer det umogleg for han å spela fotball i Inter, som er klubben der han var før sommaren.

Det er nemleg ikkje lov å spela med hjartestansar i Italia, skriv Nettavisen.