Kåra til den mektigaste kvinna i Noreg

Bladet Kapital har kåra Ap-nestleiar og statsråd Hadia Tajik til den mektigaste kvinna i Noreg.

– Medan kvinner har fått litt mindre makt heilt i toppen av norsk politikk, utøver dei desto meir makt på ministernivå og i Stortinget, seier Kapital-redaktør Vibeke Holth i ei pressemelding.

Arbeidarparti-nestleiar og statsråd Hadia Tajik går av med topplasseringa på lista i år. Med det gjer ho noko ingen har gjort før ho – ho blir nemleg den første kvinna med innvandrarbakgrunn som går til topps på Kapital si liste over dei mektigaste kvinnene i Noreg, skriv NTB. 

– Aldri ei mektigare kvinne med innvandrarbakgrunn

– Etter det me kjenner til, har det aldri vore ei mektigare kvinne med innvandrarbakgrunn i Noreg nokon gong, seier redaktøren av finansbladet.

Tidlegare har Tajik vore den yngste statsråden i Noreg og den første muslimske statsråden.

Solberg dalar til ein 7. plass

Etter Tajik på lista, finn me Marit Arnstad, som leier Senterparti-politikarane på Stortinget. Bak ho er LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).

Frå 2013 har tidlegare statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg vore å finna på toppen av lista til Kapital. Grunna regjeringsskiftet, har ho no dala ned til ein sjuandeplass.