Her har det ikkje vore så mykje snø sidan 1905

Det nordaustlege Kina er ramma av kraftig snø. Nokre stader har fått meir nedbør enn andre, som mellom anna byen Shenyang.

Kraftige snøstormar i enkelte delar av det nordaustlege Kina, har ført til rekordmasse snø, skriv BBC. 

I byen Shenyang har det komme totalt 51 cm snø, noko som held til ny rekord! Der har det nemleg ikkje snøa så mykje på 116 år, melder kinesiske medium. 

Det massive snøfallet har dekt ein av dei kjende kinesiske paviljongane i Kina med snø. Foto: Yang Qing / Xinhua via AP

Ei plutseleg ekstremvêrhending

Også i nabolandet Mongolia, har dei vore råka av dei kraftige snøstormane den siste tida.  Der er ein person omkomme og meir enn 5600 menneske råka av kulde og nedbør i form av snø.

Det ekstreme vêret i dei to landa, har gjort at det er blitt sendt ut heile 27 ekstremvêrvarslar. Meterologiske forskarar i den mongolske byen Tongliao har uttalt seg om at snøstormen dei var vitne til, vart opplevd som ekstremt tilfeldig og ei plutseleg ekstremvêrhending.

No anbefalar myndane at folk held seg heima. I det nordaustlege Kina har dei fleste bomstasjonar på motorvegen stengt. Det har også fleire tog- og busstasjonar.