Lucy skal vitja åtte asteriodar

Forskarar trur at det spesielle romfartøyet Lucy skal hjelpa oss med informasjon om korleis solsystemet vårt vart til.

NASA har lansert eit spesielt romfartøy som har fått namnet Lucy. Den skal ut på ein 12 år lang tur for å læra meir om ei gruppe asteroidar, kjent som trojanarane, skriv Newsforkids.

Asteroidar er store steinliknande materiale i verdsrommet og dei fleste finst i asteroidebeltet mellom Mars og Jupiter.

Ein av asteroidane Lucy skal studera, ligg inne i dette asteroidebeltet. Dei sju andre asteroidane, er i eit område av verdsrommet som ikkje er blitt vitja før.

Lucy er om bord på dette romskipet. Det vart skote opp frå Space Launch Complex 41, laurdag 16. oktober 2021, på Cape Canaveral Space Force Station i Florida. Foto: NASA / Bill Ingalls

6,3 millionar kilometer lang tur

Sjølv om desse asteroidane er veldig langt vekke frå Jupiter, så følgjer dei den same ruta Jupiter tek rundt sola.

Lucy kjem til å vitja fleire objekt i verdsrommet enn det nokon gong tidlegare. Heile turen kjem til å bli meir enn 6,3 millionar kilometer lang.

Forskarar trur at asteroidane vil gi informasjon om starten av solsystemet.