– Det er godt å få bekrefta at tigerungane er sunne og friske

Vererinæren i Kristiansand Dyrepark har sjekka kva kjønn tigerungane som vart fødde i Kristiansand Dyrepark er.

Tigerungane er no vorte litt over to veker gamle.

– Det er godt å få bekrefta at tigerungane er sunne og friske, og alt gjekk veldig fint for seg under den første helsesjekken, seier veterinær Rolf-Arne Ølberg.

Foto: Kristiansand Dyrepark

Torsdag 23. september fødde tigerhoa Boonya fem ungar. Tre av dei overlevde. Under helsesjekken kunne veterinæren sjå at det er to hannar og ei ho. Hoa vog 2,75 kilo, og hannane vog 2,85 og 2,95 kilo.

Foto: Kristiansand Dyrepark

– Boonya er ei veldig flink mor. Ho steller ungane sine godt, og det er så fint å sjå, seier dyrepassar Even Grønnerø.