63 prosent meiner politikarane må gjera meir for å stogga klimaendringane, skriv Verdsnaturfondet WWF i ei pressemelding.
Undersøkinga viste også at 69 prosent av dei som vart spurt er ganske eller svært bekymra for klimaendringane.
– Folk flest er bekymra og krev klimahandling frå politikarane og næringslivet, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF og held fram:
– For å få til ei grøn omstilling treng Noreg politikarar som tek ansvar for å skape nye grøne næringar.
