Får ikkje bruka Facebook før i 2023

Donald Trump ser ikkje ut til å kunna nytta seg av Facebook med det første.

Utestenginga betyr at han ikkje får bruka Facebook dersom kan skulle velje å byggja opp eit nytt valkampapparat dei neste to åra, skriv NRK.

Trump var president i USA då han vart kasta ut av fleire sosiale medium etter storminga av kongressen den 6. januar i år. Fem menneske døydde og over 140 vart skadd under storminga.

Han mista tilgangen grunna kommentarar som vart tolka som ei oppfordring til angrepet.

Les også: Donald Trump frikjent i riksrett-saka