Aurora toppar listene med songen «Runaway» – seks år etter at den kom ut

I dag har songen over 190 millionar avspelingar på Spotify. TikTok kan ta mykje av æra for at den har fått eit nytt liv.

– Eg føler at dette er ein song som alltid skulle nå hjarta til folk, seier Aurora til NRK.

Seks år etter at den kom ut, har den klatra seg høgt opp på Spotify-lista som samlar dei mest strøyma songane i heile verda. No har den over 190 millionar avspelingar.

VG og NRK har tidlegare omtalt saka.

Aurora + TikTok = sant

Mykje av grunnen til at songen har fått nytt liv, er at den vert mykje nytta på TikTok. Der har det dukka opp ein ny trend der folk legg ut videoklipp med «Runaway» i bakgrunnen og taggar med #runawayaurora.

Aurora fortel til NRK at ho trur det er tilfeldig at det er nettopp denne songen som har tatt slik av på den sosiale platforma.

Også ho har kasta seg på TikTok-trenden – du kan sjå hennar bidrag her:

@iamauroramusicI love this trend so much 🥀 there is so much beauty in this world. ##runawayaurora ##runaway♬ Runaway – AURORA