Ragne satsar på to idrettar – no har ho VM-gull i éin av dei

Ragne Wiklund (20) er kroneksempelet på at dei som er med på fleire idrettar i ung alder, kan bli supergod seinare.

FAKTA: Allsidig idrett eller tidleg spesialisering?
  • Tidleg spesialisering handlar om at born vel ein idrett og trenar speislet for å raskast mogleg bli god i den. 
  • Idrettsforbundet skriv at forskning viser at born som er med på varierte akitivitetar og idrettar, får best grunnlag og meistrar fleire ting seinare i livet.
  • Allsidig idrett gir færre skadar, mindre fråfall og betre resultat, enn om treningen er spesifikk.
LES FAKTALUKK FAKTA

– «Oi! Korleis hamna eg her, liksom. Dette er heilt surrealistisk.»

Dette var nokre av tankane som gjekk gjennom hovudet til Ragne Wiklund (20), då ho nyleg gjekk inn til eit sensasjonelt VM-gull i skeiser. No har ho hatt tid til å bearbeida kva ho har vore med på.

– No i helga gjekk eg NM, og fekk stå på pallen der også. Sidan eg følte at eg ikkje fekk nyta VM-gullet skikkeleg når de skjedde, fekk eg feira begge deler no.

Men det er ikkje berre skeiser 20-åringen er god på. Ho satsar også aktivt på orientering og har mellom anna ein bronsemedalje i stafett frå junior-VM i 2018.

– OL har alltid vore ein stor draum. Men eg er ein type som ikkje set meg resultatmål, men heller tidsbaserte mål. Eg likar å forhalda meg til det eg kan gjera noko med, seier Ragne. Foto: Rafal Oleksiewicz

Vanskeleg å velja

– Mamma og pappa har drive med orientering, så det var naturleg at eg starta med det. I tillegg til det har eg også drive med fotball og ski.

Det gjorde det vanskeleg å velja.

– Då eg dreiv på med alle desse idrettane på barneskulen, hugsar eg at eg tenkte at «korleis skal eg greia å velga ein?», seier Ragne.

Valet fall på å halda fram med alle idrettane som var kjekke.

– Eg hugsar at mange tok val om å berre halda fram med ein idrett. Då er det lett å føla at du også må det. Men eg valgte berre å ikkje velja, og så gjekk det seg til av seg sjølv.

Ragne med VM-gullet rundt halsen. Foto: Rafal Oleksiewicz

– Eg er vant til å gjera ulike ting

– Eg trur bakgrunnen frå fleire idrettar er grunnen til at eg tek ting så raskt. Eg er vant til å gjera ulike ting, og så har eg eit grunnlag som gjer at eg har mindre sjanse for å bli skadd.

Ho fortel at ho ikkje har planar om å endra sukesshistoria si.

– Eg tenkjer at det fungerer fint å fortsette slik, fordi det gir resultat. Eg hadde to sesongar der eg ikkje sprang så mykje. Det var dårlege sesongar på skeiser, så då fann eg ut at eg måtte springa meir, og etterpå har det jo gitt resultat på skøytebana, seier ho og ler.

Framover har Ragne eit stort mål i sikte.

– OL har alltid vore ein draum. Det er sunt å ha mål å tenkja på når du har harde dagar.