Dette må du ikkje gi til kjæledyret ditt i påsken

Påsken er full av godsaker, blomar og mat som kan vera farleg for kjæledyra våre. Her får du dei beste tipsa om kva du må gøyma for katten og hunden din.

– Påskemat er ofte veldig feit og inneheld mykje salt, som kan føra til problem med magen. Mange av rettane me menneske et, inneheld lauk. Det er skadeleg for både hundar og kattar, seier Dag Wilhelmsen i ei pressemelding.

Han er veterinær ved Royal Canin og oppfordrar alle til å vera obs på kva ein gir til katten eller hunden i påsken.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Gi nærleik og tid

Det viktigaste for kjæledyra, er tid med eigarane sine. Ikkje godsaker.

– Det er så mange andre måtar å via kjærleik på enn gjennom mat og godsaker. Påsken gir tid til ekstra leik med katten din, eller lange turar med hunden din, seier Wilhelmsen.

Dette må du vera spesielt obs på at katten og hunden din ikkje får i seg:

  • Lauk: Både rå og kokt lauk er giftig for både hundar og kattar.
  • Restar frå påskelammet: Mange har kanskje vore freista å gi hunden beinet frå påskelammet, men det er ikkje lurt. Bein frå lam kan splintast når hunden gneg på den, noko som kan føra til at hunden kan få skadar i tarmen.
  • Sjokolade: Sjokolade er giftig både for kattar og hundar. Til mørkare sjokolade, til farlegare er den for dyra.
  • Xylitol: Dette er eit søtingsmiddel, som du kan finna i mellom anna tyggis og sukkerfritt godteri. Du bør halda slike ting langt vekke frå hunden din, då det er giftig for dei.
  • Vårblomar: Liljer er veldig giftige for både kattar og hundar. Dette gjelder alle typar liljer, men no i påsken bør du passa ekstra på påskeliljene.
  • Gjærdeig: Du bør ikkje gi deig til hunden. Deigen held fram med gjæring i ein varm hunde-mage, og det kan faktisk føra til at hunden blir full, slik som menneske kan bli av alkohol!