Den indre neandertalar avgjer smerteterskelen din

Korleis taklar du smerte? No viser det seg at smerteterskelen din kan stamma frå neandertalerane.

Det er stor forskjell på korleis me menneske taklar smerte. Nokre endar i fosterstilling på golvet etter at dei har slått tåa i bordkanten, medan andre merkar knapt noko til det.

No viser ein studie at personar med eit spesielt gen frå neandertalerne kan ha lågare smerteterskel enn andre, skriv Illustrert Vitenskap.

Genet det er snakk om heiter SCN9A, og dei som har det er ofte meir ømfintleg for smerte enn dei som ikkje har det.