T-rex vaks kjempefort då den var ungdom

T-rexen vaks kjempemykje då den var ungdom. Andre dinosaurar vaks sakte, og slutta å veksa seint.

Me menneske veks fram til me er i tenåra, og blir ikkje større dess eldre me blir.

No har forskarar funne ut at nesten det same skjedde med dinosauren T-rex, skriv Ung Forskning.

T-rex kunne bli over 12 meter lang og fleire tusen kilo tung. Men det som er spesielt med den, er at den gjekk frå å vere eit egg til å bli ei kjempe på veldig kort tid.

T-rex som tenåring

Då T-rex vart 13 år forandra den seg mykje. Den fekk større tenner, djupare munn, og vart meir lik ein vaksen.

Då den var mellom 15–18 år, rasa den forbi andre dinosaurar i vekt og storleik. Då den var rundt 20 år, var den ferdig utvikla.

Mykje det same som oss menneske. Det er litt kult, er det ikkje?