Framtidajunior Nyhende FN åtvarar: Tre milliardar menneske har for lite vatn
Foto: Unsplash.com

FN åtvarar: Tre milliardar menneske har for lite vatn

Vassmangel råkar no meir enn tre milliardar menneske i verda.

Mengda ferskvatn kvart menneske har til rådigheit er redusert med kring 20 prosent dei siste to tiåra. Det viser ein ny forskingsrapport frå FN.

Kring 1,2 milliardar menneske bur i område som lir av alvorleg vassmangel eller tørke.

Befolkningsauke er ein av hovudgrunnane til at folk manglar vatn. Rapporten fortel også om at auke i befolkninga gjer at det blir større konkurranse om vatnet. I tillegg kjem klimaendringane som skapar spenning og konflikt mellom folk.

Det ender ofte med at vassressursane ikkje blir delt rettferdig. Spesielt sårbare befolkningsgrupper, som fattige, kvinner og urfolk kjem dårleg ut.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

Bok eller film – kva er best?

Mange filmar er basert på bøker. Men er boka eller filmen best? Olive, Salomon og Åshild deler sine tankar om bøker som har vorte filmar og kva dei meiner må til for at filmen skal bli like bra som boka.

VIDEOAR