Kva vil du spørje klima- og miljøministeren om?

To unge Framtida Junior-journalistar skal møte klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn 29. september. Kva vil du dei skal spørje han om?

Klima- og miljøministeren har ansvaret for klima- og miljøpolitikken til Noreg, og det Noreg gjer for å ta vare på naturen og klimaet.

Har du spørsmål til Sveinung Rotevatn?

Legg igjen ein kommentar under denne artikkelen, eller send spørsmål til helene@framtida.no.