Framtidajunior Nyhende Denne veren kosta 4,3 millionar kroner
Foto: Catherine MacGregor/Texel Sheep Society

Denne veren kosta 4,3 millionar kroner

Under ein auksjon i Skottland blei ein seks månader gammal ver av rasen Texel selt for 367.500 britiske pund, ein sum som svarar til om lag 4,3 millionar norske kroner.

Det skriv avisa Nationen som viser til ein artikkel frå den britiske avisa The Guardian.

Det var tre avlarar som spleisa på veren med namnet «Double Diamond». Ein av dei, Jeff Aiken, fortel til den britiske avisa at dei hadde hatt eit auge på veren i fleire veker.

Sauerasen Texel, som stammar frå den vesle øya Texel utanfor Nederland, er blant anna kjent for karakteristisk utsjånad.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR