Japan får utsette OL til neste år

Sommar-OL i Tokyo får utsette OL til neste år. Dette har aldri skjedd før.

Den internasjonale olympiske komite (IOC) og Japan har no kome fram til at årets sommar-OL ikkje skal gjennomførast  i år.

Det blir OL neste år i staden.

I den moderne historia til dei olympiske leikar har aldri før eit OL vorte utsett. Leikane i 1916, 1940 og 1944 vart avlyst, men ei utsetjing har aldri skjedd tidlegare.

Bakgrunnen til utsetjinga er koronaviruset.