Du kan framleis kose med kjæledyret ditt

No når vi menneske ikkje kan vera så mykje ilag grunna koronaviruset, er det godt å ha kjæledyr vi kan kose ekstra mykje med.

Du treng ikkje vera redd for at hunden eller katten din skal bli sjuk eller smitte deg med koronavirus, skriv Ung.Forskning.no.

Forskarar trur viruset kom frå flaggermus og at det har smitta til menneske i Kina. Men det er ingen grunn til å bekymre seg for at våre dyr skal smitte oss. Det gjeld både kjæledyr og husdyr, som sauer, kyr og hestar.

Nokon følger godt med

Ville dyr som lev i naturen i Noreg har heller ikkje viruset. Det skriv Veterinærinstituttet på sine nettsider.

Forskarane følger ekstra godt med på om koronaviruset betyr noko for dyra våre og for smitte mellom dyr og menneske. Viruset smittar fyrst og fremst mellom menneske, skriv dei. Det er ingen som har meldt frå om at dyr har blitt sjuke av viruset her i Noreg, verken husdyr eller ville dyr.

Vask hendene godt

Forskerne vil følge nøye med på kva som skjer framover.

Dei anbefaler likevel alle å vaske hender etter vi har hatt kontakt med dyr, for å vera på den sikre sida. Elles er det lurt å unngå å sove i same seng som kjæledyr – og ikkje la dei sleikje deg i ansiktet.