Statsministeren svarar på spørsmål

Vi har plukka ut nokre innsendte spørsmål som statsminister Erna Solberg, barneminister Kjell Ingolf Ropstad og kunnskapsminister Guri Melby svara på under pressekonferansen. (Svara er korta ned.)

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Veit du kor lang tid det tek å lage ei vaksine for COVID 19?

Erna svarar:  Nei, vi veit ikkje kor lang tid det tar. Det er foreløpig inga vaksine. Men det er nokon som meiner dei har moglegheit til å prøve ut nokre vaksiner, og dei jobbar aktiv med å finne vaksine mot smitte og medisin for behandling… Vi har vore med på å støtte forskarar med mange millionar kroner.

Kvifor får eg ikkje lov å feire bursdagen min?

Kjell Ingolf svarar: Fordi vi ikkje får vere så mange samla. Dette for å unngå at fleire blir smitta. Du kan vere ekstra kreativ og feire gjennom Facetime, eller andre ting. Eller kanskje det er best å utsetje og planlegge feiringa til det er over.

Blir sommarfeiren kortare på grunn av COVID 19?

Guri svarar: Sommarfeire blir det uansett. Men innhaldet kan bli annleis fordi ein ikkje kan reise alle dei stadnane vi har kunna reist tidlegare.

Spørsmål til Erna: Er du redd for å få koronavirus og kven blir vikar for deg?

Erna svarar: Eg er ikkje så redd for å bli sjuk, for eg trur eg har ganske god helse. Om eg blir sjuk kjem eg til å berre vere i statsministerboligen saman med Sindre (ektemannen) og kommunisere derifrå. 

Vidare fortel ho at dersom det skulle skje at ho ikkje kan styre landet Iselin Nybø nummer to på lista og nummer tre er Kjell Ingolf. Dette har dei gode planar på.

Om eg vil gå til vennen min, får eg lov til det? Og om eg får lov, må eg vere ein meter frå henne?

Kjell Ingolf svarar: Ja, du kan gå til ein venn. Det er lurt å begrense omgangskretsen til ein til to, og halde deg til dei gjennom heile karantenetida. Og det er viktig å halde avstand. Skal ein møtast er det lurt å møtast utandørs. Og viktig: Vask hendene både før, under og etter besøket.

 Er det farleg for oss som er litt mindre?

Kjell Ingolf svarar Det er faktisk mindre farleg for dei aller yngste. Grunnen for å begrense møter er for at dei som kan bli alvorleg sjuke – dei gamle eller dei som er sjuke frå før, skal unngå å bli smitta. 

Kva skjer om heile verda får koronaviruset?

Erna svarar: Då vil vi ha problem med å gi god behandling til alle som blir sjuke. I Noreg har vi eit godt helsevesen. Det vi gjer no er at dersom mange blir smitta skal sjukehusa kunne gi god behandling til alle. Det er derfor vi har stengt skular. Det kan forsinke viruset, slik at vi har nok legar og sjukepleiarar til dei som er sjuke. Dette kjem til å gå over. Det vi vil er at vi skal kome oss gjennom dette med at flest mulig held seg friske og færrast blir alvorleg sjuke.