Kvinner erstattar menn på trafikkskilt i Sveits

Den sveitsiske byen Genève har erstatta halvparten av gangfelt-skilta med kvinner.

Me kjenner alle til skiltet for gangfelt i Noreg. Som i dei fleste andre land, er det vel strengt tatt umogleg å vite kjønnet som vert brukt som silhuett.

Men dei fleste har nok tenkt at det er ein mann.

Gravid dame og lesbisk par

No har byen Genève i Sveits, erstatta halvparten av byens 500 gangfelt-skift, med ein kvinne-silhuett, melder swissinfo.ch.

For å fremja mangfald og likestilling, kjem den kvinnelege silhuettem i seks ulike variantar. Det inkluderer mellom anna ei gravid dame, ei eldre dame, ei dame med afro-hår og to damer som held hender.

Tradisjonelt mannsdesigna

Torsdag førre veke vart dei nye skilta presentert av borgarmeister Sandrine Salerno. Ho sa mellom anna at dette var del av byens strategi for å framheva likestilling og bryta ned stereotypar.

– Offentlege områder har tradisjonelt blitt designa av menn, dette er ein måte å gi oss kvinner litt av det offentlege området. I tillegg til at det livar opp offentlege områder, sa ho til den sveitstiske tv-kanalen RTS.