Framstegspartiet går ut av regjeringa

I dag gjekk Framstegspartiet (Frp) ut av regjeringa.

Frp har vore i regjering i over seks år, men valgte no å gå ut.

– Vi får rett og sett ikkje gjennomført nok av Frp sin politikk til at det er verdt å bli påført fleire tap, seier Siv Jensen på pressekonferansen.

Dei som sit i regjering no er Høgre (H), Venstre (V) og Kristeleg folkeparti (KrF).

Siv Jensen er partileiar for Frp. Ho har vore politisk aktiv i over 22 år. Ho vil framleis  fortsetje som leiar i Frp.

Siv Jensen seier på ei pressekonferanse at partiet ikkje har noko ønskje om å byte statsminister.

Siv Jensen har vore finansminister under Erna Solberg si regjering.