Harry og Meghan får lov å flytte

Prins Harry gifta seg med tidlegare skodespelar Meghan i 2018. Dei har fått sonen Archie. Men no vil dei bli meir sjølvstendige.

Det har storma i det britiske kongehuset. Dronning Elisabeth har derfor hatt eit hastemøte saman med sonen hennar Charles, og barnebarna William og Harry.

Slik er arverekkefølgja i det britiske kongehuset

  • Dronning Elisabeth (Sittande monark)
  • Charles
  • William (Sonen til Charles)
  • George (Sonen til William)

Prinsen vil bu meir i Canada

Harry og Meghan skreiv tidlegare denne månaden at dei ville gjere mindre av det som er venta av konglege, og kunne tene sine eigne pengar.

I tillegg vil dei kunne bu meir i Canada.

Misser apanasjen

For at prinsen kan tene eigne pengar vil han ikkje lenger få det som heiter apanasje. Apanasje er pengestøtte frå staten. Ein kan sjå på det som løn for at dei representerer landet. Det er dette prins Harry no ikkje lenger vil kunne motta.

Her i Noreg har prinsesse Märtha gjort det same, då ho gifta seg med forfattar og kunstnar Ari Behn. Ari Behn gjekk bort 25. desember.