Bergen vil bli humlehovudstad

Bystyret i Bergen er positive til eit forslag som handlar om å ta vare på insekt i byen.

Bergen kommune vil ta betre vare på humlene. Utan humler og bier ville store delar av verdas matproduksjon kollapse. Vi kan takke humlene og biene for kvar tredje matbit vi et, skriv Naturvernforbundet.

Humler er særleg viktige her i nord. Det er humla vi må takke for at vi har blåbær i skogen, at plantene i høgfjellet veks, og at vi har norske eple, agurkar og tomater.

– Målet er at Bergen skal bli Vestlandets humlehovudstad, skriv Bergenkommune.no.

HUMLEHOVUDSTAD: Bergen kommune vil ta betre vare på humlene. Foto: Pixabay

6 artar i fare

Noreg har eit rikt mangfald av humler og heile 35 av verdas cirka 250 artar er i landet vårt. Heile 14 prosent av verdas humleartar finst her. Difor har vi eit spesielt ansvar for å ta vare på humlene. Men det hastar. 6 av Noregs 34 artar er i fare, melder Naturvernforbundet.