Egg må reise 2000 kilometer før dei hamnar på kjøkenbordet

Ein eggebonde frå Finnmark må sende millionar av egg med vogntog tusenvis av kilometer lenger sør, medan finnmarkingar får egg frå sør sendt oppover.

Det er nemleg eit et krav at alle egg skal bli lyst på før ei kan pakkast og seljast. Dette må dei gjere for å sjekke at det ikkje er ein kylling i egget.

Dei har ikkje rett utstyr for å lyse gjennom egga i nord, så difor blir egga sendt sørover. Dette er ikkje bra for klimaet.

– Denne praksisen er lite miljøvennleg, seier Ola Wolff Elvevold til NRK. Han er rådgjevar for transport i Miljøstiftinga Zero.