Vil byggja hotell i verdsrommet

Om sju år kan det første hotellet i verdsrommet vera klar til å ta imot sine første gjester.

Gateway Foundation i California ønskjer å byggja eit hotell i bane rundt jorda. Ifølgje planane skal det vera plass til opp mot 450 menneske på hotellet, og det vil vera plass til restaurant og treningssenter. 

ROMSTASJON: Den internasjonale romstasjonen er den einaste staden der det bur menneske utanfor Jorda. NASA

– Reiser til verdsrommet er framtida, seier Tim Alatorre i Gateway Foundation.

Fleire selskap jobbar no for å få dei første romturistane. Men prisen for ein tur ut i verdsrommet vil nok kosta svært mykje. Ifølgje Virgin Galactic vil det kosta to millionar kroner for ein billett ut i verdsrommet.