Fredsprisen går til statsministeren i Etiopia

Etiopias statsminister Abiy Ahmed får Nobels fredspris 2019

I 2018 slutta Afrika sin lengstlevande konflikt, som har kosta titusenvis av menneskeliv.

Prisvinnaren, statsminister Abiy Ahmed, og presidenten i Eritrea, president Isaias Afwerki, skreiv under ein fredsavtale som slutta den ti år lange krigen, skriv NRK.

Statsministeren har berre vore statsminister i eitt og eit halvt år. Men har gjort mykje bra i landet.

Prisvinnaren har også engasjert seg i andre fredsprosessar. Blant anna i Sudan.

Kva er Nobel fredspris?

Nobels fredspris er ein årleg pris som blei oppretta av Alfred Nobel.  Alfred Nobel var ein svensk kjemikar, ingeniør og oppfinnar. Det er fem Nobelprisar som Alfred etablerte i sitt testamente. Det er prisar i fredfysikkkjemilitteratur og medisin.

Vinnaren får ein medalje, eit diplom og ein pengesum. Pengesummen har variert frå år til år.

Prisutdelinga skjer 10. desember.

Klimaaktivist og frontkvinne for rørsla Fridays for future, Greta Thunberg (16) var på førehand ein storfavoritt til å vinne prisen. Noko ho ikkje gjorde.