Dødeleg hundesjukdom i Oslo

Fleire hundar er døde etter at dei har vorte smitte av ein ukjend sjukdom blant hundar.

Hittil er minst sju hundar døde, skriv Dagbladet.

Sjukdomen syner seg gjennom ein blodig diaré og/eller oppkast.

No oppmodar veterinærar å halde dyra vekke frå parkar og andre store samlingspunkt i ein periode framover.

Sasja Rygg, kommunikasjonsansvarleg i AniCura, seier til Dagbladet at det truleg ikkje er ein sjukdom som kan smitte mellom hund og menneske.