Ulrik (10) har tent 35.000 kroner på søppel

Ulrik Sandøy Sørensen (10) har fylt 350 søppelsekkar med plast og skrot frå strandkanten.

– Eg tek det opp fordi fuglane kan gje det til borna sine, seier Ulrik til NRK.

Ulrik har alltid vore oppteken av naturen og dyra, men sidan han byrja å plukke plast og avfall langs strandkanten har miljøengasjementet verkeleg sett fart.

Mange sekkar

Heile 350 søppelsekkar med plast og skrot har han fjerna frå naturen med hjelp av faren. Det har det blitt pengar av.

Nordmøre og Romsdal friluftsråd har ei prøveordning der ein får 100 kroner for kvar søppelsekk med marint avfall ein leverer inn. Dei er kjempenøgde med resultatet.

– Folk plukkar når dei vil, leverer det inn på det kommunale mottaket og får pant for jobben. Det er dette vi ser resultatet av her, det ser ut til å verke, seier leiar i friluftsrådet, Ola Fremo til NRK.