Denne babysjiraffen har fått heilt spesielle bakbein

SJÅ VIDEO: Babysjiraffen i den amerikanske dyrehagen har fått spesialsko som gjer at han kan hoppe og sprette rundt.

Ein splitter ny babysjiraff i ein dyrehage i USA har fått spesialsko for å løyse eit problem med bakbeina. Mora, Olivia, fødte sjiraffguten Hasani 2. mai. Hasani tyder “kjekk” på det afrikanske språket swahili, skriv Kids News.

Fekk gips på beina

Vetrinæren i dyreparken Woodland Park Zoo la straks merke til at noko var gale med beina. Sjiraffen vart undersøkt med røntgen, og den vesle krabaten fekk gips som skulle støtte beina. Men det fungerte ikkje så bra når sjiraffen blei større, så dyrepassarane måtte finne ei anna løysing.

Sko av tre og plast

Det endte med at arbeidarane som lagar utstillingane i dyrehagen laga eit par todelte sko av kryssfiner, som er ein type treplate, og plast kalla HDPE. HDPE er ein type resirkulerbar plast som ofte blir brukt til å lage flasker. Dette vart forma og sett saman, slik at sjiraffen kan springe, hoppe og utvikle seg som normalt.