Saka var fyrst publisert på Framtida.no
– Vi lovar å arbeide så nært som mogeleg med land som for alvor vil få ein slutt på klimakatastrofen, og gjere klart for det amerikanske presidenten Donald Trump at han ikkje kan ignorere dei internasjonale avtalane og handling i møte med klimakrisa, sa Jeremy Corbyn frå det britiske arbeidarpartiet (Labour) ifølgje The independent.
Gjev Greta håp
Den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg besøkte det britiske parlamentet førre veke.

16-åringen presenterte seg då med å seie at ho «snakkar på vegner av framtidige generasjonar».
Vidare fortalde Thunberg at ho dei siste seks månadane har reist Europa rundt – på tog, med elbil og buss – og gjentek den same beskjeden om att og om att. Men det latar til at ingen snakkar om det, eller høyrer etter.