Fleire barn veks opp i låginntektsfamiliar

Sidan 2011 har det vorte over 30.000 fleire barn som kjem frå familie med låg inntekt.

– Å tilhøyre eit hushald med vedvarande låg inntekt betyr at ein har relativt lite pengar å rutte med samanlikna med det som elles er vanleg i samfunnet, forklarer SSB i gjennomgangen sin.

I 2017 budde nærare 106.000 barn under 18 år i hushald med vedvarande låg inntekt. Etter 2011 har delen barn i låginntektshushald auka kvart år.

Auken kjem først og fremst av at stadig fleire barn med innvandrarbakgrunn veks opp i låginntektshushald.