Kvifor er nokre venstrehendt?

Kvifor er det slik at nokre blir venstrehendt og andre høgrehendt? Vi tok ein prat med biolog Åsmund Husabø Eikenes.

Biolog Åsmund Husabø Eikenes. (Foto: Tove Breistein/Samlaget)
Biolog Åsmund Husabø Eikenes. (Foto: Tove Breistein/Samlaget)

– Det er ingen som veit heilt kvifor det er slik, men det er ei blanding av arv og miljø, seier Åsmund.

– Ein ser at dei som er venstrehendte ofte har fleire venstrehendte i familien.

Hjernen er oppdelt

Hjernen er oppdelt i venstre- og høgre-hjernehalvdel. Venstre hjernehalvdel styrer høgre side av kroppen og motsatt. Det vil seie at om ein er venstrehendt så bruker ein høgre hjernehalvdel.

– Men dei siste 10 åra har forskarar funne ut at hjernehalvdelane spelar på lag, fortel Åsmund. – Hjernehalvdelane bytelåner og samarbeider meir enn vi fyrst trudde.

Mange myter om venstrehendte

Åsmund kjenner til mange myter om venstrehendte, og det er ikkje alt ein kan tru på med sikkerheit. Det er sagt at venstrehendte er meir kreative, flinkare i matematikk, gode leiarar, oftare sinte og gode på å vise kjensler. Dette kan ikkje Åsmund garantere for, og viser til forskning som ikkje nødvendigvis er sterk nok.

Om ein som er venstrehendt trenar mest med høgrehendte, vil personen som er venstrehendt få eit fortrinn. Han vil då kunne spele mot høgrehendte, men samtidig slå motstandarane ut med si venstrehand.

Kjende personar som visstnok er/var venstrehendte:

  • Justin Bieber
  • Prins William
  • Julius Cæsar
  • Michelangelo
  • Leonardo da Vinci

Ting du kanskje ikkje visste:

  • 13. august er den internasjonale dagen for venstrehendte.
  • Ifølgje ein rapport frå CNN er nærare 10 prosent av verdas befolkning venstrehendte.
  • I middelalderen hadde mange fordomar mot venstrehendte fordi dei meinte at djevelen var venstrehendt.