Åse er Posten sin juledetektiv

Åse Marie Lerfald leitar etter mottakarar av julegåver som ikkje er kommen fram til rett adresse.

Ho starta med 245 uløyste julemysterie. No har ho 131 att! Det er både julepakkar, og julebrev som ikkje har funne rett veg. Grunnen til at dei ikkje er kommen fram er at dei har mangla adresselapp eller rett innpakning.

FOTO: Åse Marie Lerfald

– Det er ein kjekk jobb eg har, som får lov å løyse desse mysteria, seier Åse til Framtida Junior.

Åse har hatt denne detektivjobben frå 10. desember til 10. januar i 15 år. Ho jobbar i Posten resten av året også.

Mykje post

– I desember sorterer vi i Posten 50 millionar brev og pakkar til private og bedriftar, fortel Åse.

Så i grunn er 245 julehelsingar ikkje så mykje, men likevel jobbar Åse på spreng for å hjelpe kvar einaste pakke fram. Målet er å finne vegen for alle pakkar og brev.

–  Folk blir så himla glade når eg ringer for å fortelje at eg har pakken deira, seier ho.

FOTO: Åse Marie Lerfald

Treng hjelp

Alle gåvene som ikkje er kommen til rett adresse vert sendt til Posten sin terminal i Oslo. Der blir dei samla saman, og fotografert, og så blir bileta lagt ut på Posten si juledetektivside i håp om at nokon skal kjenne dei att.

Her kan du sjå om du kan hjelpe Åse!

For å finne ut kor gåvene skal, brukar Åse sosiale medier, Google og ho spør folk som kan hjelpe.